Tannproteser

Dersom fleire eller alle tennene manglar i ein kjeve kan ei tannprotese vere løysinga. For store implantatbehandlingar brukar ein ofte protese som ei kortvarig løysing. Me skil mellom del- og heilproteser.

Heilprotese erstattar tenner i ein tannlaus kjeve. Protesene er "økonomisk rimelige" og raske å framstilla. Sidan heilprotesene kan takast av, kan dei kjennast lause ut. Dei krev derfor tilvenning. Ein protese kan også redusere smaksinntrykk. Protesen i akryl treng dagleg reingjering, og regelmessige besøk hjå tannlege for å kontrollere protesen si tilpassing og underliggjande slimhinner hjå protesebrukaren. Alternativet til heilprotese er implantat for å få feste til ei bru eller betre feste for protesen.

Delprotese (partiell protese) kan på lik linje med ei bru erstatta manglande tenner i ein kjeve, men er avtakbar og laus. Fordelen er at ein slepp å slipe på festetennene, slik at behandlinga er reversibel. Ein partiell protese er ei rimeligare behandling enn ei bru. Ein ulempe er at det ofte er synlege metallklammer/krokar på festetennene, i tillegg til at delprotesen som nemnt er laus. Delprotesen sit likevel betre fast i munnen enn heilprotesen pga. av klammera. Alternativet til ein delprotese er ei bru eller eitt/fleire implantat.

Opningstider:

Måndag – fredag 08.00 – 15:30
Laurdag stengt

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Sverresplass 6, 5700 VOSS
Telefon: 56 52 14 98
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Timebestilling må gjerast på telefon

Følg oss: facebook-side