Om du er pasient hjå oss og treng akutthjelp er det viktig at du tar kontakt med oss slik at me kan hjelpe deg. Dei vanlegaste akutte plagene er tannverk og frakturar/knekt tann. Me vil prioritera dei av våre pasientar som har tannverk, slik at dei får rask behandling og smertelindring.
Skulle du vere uheldig å få tannverk eller behov for hjelp utanom opningstidene, kan du prøve å nå oss på mobiltelefon. Ver venleg å kontakte din behandlande tannlege først. Om me ikkje er tilgjengeleg kan du kvar dag få hjelp ved tannlegevakta i Bergen eller ved Arken Tannlegesenter i Åsane.
Ved akutthjelp etter normal arbeidstid er det eit tillegg på 75% av ordinær pris.